Nytt grunnbeløp er klart

Nytt grunnbeløp er klart

I statsråd fredag 25. mai vart nytt grunnbeløp og reguleringa av pensjonar frå 1. mai 2012 fastsett.
Publisert: 12.05.29
I statsråd fredag 25. mai vart nytt grunnbeløp og reguleringa av pensjonar frå 1. mai 2012 fastsett.


Frå 1. mai 2012 vert ein lønnsvekst på 3,67 prosent lagt til grunn. Det inneber at grunnbeløpet (G) aukar frå 79 216 kroner til 82 122 kroner, ei auke på 2 906 kroner.

Etter den nye reguleringa som vart innført i 2011, skal alderspensjonar, AFP, særalderspensjonar og uføre- og etterlatnepensjonar etter 67 år først regulerast med lønsveksten for dei yrkesaktive, og deretter trekkast frå 0,75 prosent.

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 3,16 prosent. Uførepensjon, alderspensjon under opptening og etterlatnepensjon før 67 år skal regulerast fullt ut i samsvar med lønnsveksten for dei yrkesaktive.

- Eg er glad for at regjeringa og organisasjonane er einige om grunnlaget for årets regulering av grunnbeløpet i folketrygda og av pensjonar, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ei pressemelding.


Meir om reguleringa av grunnbeløpet (frå regjeringa.no)
Meir om reglane for regulering av pensjon
Forrige        763 av 1315        Neste
loader
Norges offisers- og spesialistforbund 2019
Webutvikling av:A2N